Frivillig Førde Rundt 15. august?
Postet av Førde Idrettslag den 6. jul 2026

Bedriftsidretten arrangerer Førde Rundt laurdag 15. august. I fjor deltok det rundt 440 løparar - fordelt på tre løyper. Arrangementet treng fleire frivillige som kan vere med å hjelpe. Er det nokon i o-gruppa som kan vere med som frivillig? Kontakt Knut Even Hole, eller send inn dette skjemaet her: Frivillig
Klubben får inntekter ut frå kor mange som er med å hjelpe til.
Vi har tatt på oss å ordne kiosk denne dagen, så her treng Unn fleire som kan vere med å hjelpe. Bli med på folkefesten i Førde sentrum denne laurdagen - meld deg som frivillig!
Her kan du lese meir om arrangementet: Førde rundt

Prøv turorientering i sommar
Postet av Førde Idrettslag den 4. jul 2026

Treng du inspirasjon for å komme deg ut på tur. Det finst mange fine turalternativ i turorienteringa i Sunnfjord. Over 100 ulike postar på 8 ulike område, dei fleste i sentrumsnære område av Førde, men også på m.a. på Langeland og Bjørkelia på Jølster.
Du kan laste ned kart gratis gjennom tur-o-appen eller på www.turorientering.no. Karta kan også printast ut frå den sida dersom du vil ha med papirkartet på tur.
4 av turane er gratis. Ta deg ein tur ut - prøv turorientering!
O-løp Djupedalen 24. juni
Postet av Førde Idrettslag den 21. jun 2026

Orientering onsdag 24. juni kl 18.00 i Djupedalen (bak flyplassen). Kjem du frå Førde, er det avkøyring til høgre ca 1 km etter oppkøyringa til flyplassen. Løypelengder: A-løype 5,7 km, B-løype 3,7 km, C-løype 2,4 km og N-løype 1,1 km.
Noko avgrensa p-plassar, sjå kart som viser plassar det kan parkerast på. Vi får plass! Bomveg kr 60,-. Vipps nr. 106558.
Påmelding på Eventor, eller ved frammøte. Velkomen til alle!
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Onsdag 17. juni Langeland
Postet av Førde Idrettslag den 14. jun 2026

Nærløp orientering onsdag 17. juni kl 18.00 frå Langeland skisenter. Løyper for alle. Frå nybyrjarløype, C-løype for dei som har prøvd litt før, B nivå for litt erfaring og A nivå for dei som har vore med ei stund.
Påmelding på Eventor, eller ved frammøte. Velkomen til alle!
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Nærløp Langeland 10. juni
Postet av Førde Idrettslag den 7. jun 2026

Nærløp i orientering onsdag 10. juni kl 18.00. Frammøte Langeland skisenter. Løypelengder: Nybyrjarløype 1,6 km, C løype 2,2 km, B-løype 3,7 km og A-løypa er på 6,3 km.
Kjekt om flest mogeleg melder seg på via Eventor, frist onsdag 10. juni kl 14.00. Då kan vi betre planlegge kor mange kart vi skal trykke opp. Men det er sjølvsagt mogeleg å melde seg på ved frammøte.
Velkomen til alle!
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest